top of page
Invertapro, Larveriet, Insektproduksjon, spiselige larver, insekter, sirkulær økonomi, bærekraft, matproduksjon, industriell symbiose, bløme, plantenæring, organisk gjødsel, økologisk, frass

Organisk gjødsel og jordbetrar, godkjent til økologisk dyrking

Bløme er larvelort og restar frå skalet som larvane har vekse ut av. Det er ein unik organisk jordbetrar og gjødsel som er naturleg tørr og luktfri.

Bløme til landbruk

Bløme er eit naturleg og berekraftig produkt som hjelper deg å ta vare på jorda di. Det er laga av avføringa til larvar, saman med små fragment av larveskal, og er utvikla for å styrke jorda og plantane dine.
 

Bløme inneheld NPK 3,5-1,5-2,5 og mikronæringsstoff som støttar sunn plantevekst og er godkjent for økologisk dyrking.


Invertapro har testa Bløme gjennom fleire FoU-prosjekt, og samarbeider med Norsk Landbruksrådgiving (NLR) og NIBIO.

Bløme er ein effektiv jordforbetrar gjennom å tilfører karbon og organiske næringsstoff som er viktig mat for jordas mikroorganismar. Det bidreg til å byggje god struktur og auke humusinnhaldet.

 

Det langtidsverkande, organisk bunde nitrogenet i Bløme blir sakte frigjort og gir plantane jamn tilgang på næring, samtidig som det støttar mikroorganismane i jorda.-  

Kitinet frå larveskal fungerer som ein naturleg biostimulant, som kan styrke jorda sine sunne bakteriar og plantane sitt immunforsvar mot soppangrep.


Bløme er ei god løysing for deg som vil styrke jorda og oppnå betre vekst, på ein måte som er berekraftig og skånsam for naturen.

Forpakning: 600 kg bigbags
Hygienisering: Pelletert og varmebehandlet
Tungmetall klasse: klasse 0
Tekstur: Knuste pellets (granulat). Tørt.

Ta kontakt på bloeme@invertapro.com for meir informasjon.

Invertapro, Larveriet, Insektproduksjon, spiselige larver, insekter, sirkulær økonomi, bærekraft, matproduksjon, industriell symbiose, bløme, plantenæring, organisk gjødsel, økologisk, frass
bottom of page