
Sirkulærøkonomi bygd på
kompetanse og samarbeid
Invertapro utviklar industriell symbiose med ulike næringar, og ser etter gode partnarar og investorar som vil utvikle ein ny sirkulær økonomi.
Me byggjer kommersiell fabrikk
– invester no
Invrtapro er spesialistar på å utnytte lokalt matsvinn og restråstoff til insektproduksjon.
Me har utvikla Norges første pilotfabrikk, basert på ei lang rekke forsking- og utviklingsprosjekt. Sidan 2016 har me opparbeida nødvendig kompetanse om biologi, automatisering og sluttprodukt.
Invertapro har ferdigstilt planar, lokalisering og teknologi for kommersiell insektfabrikk. I dag jobbar me med detaljar for bygg og samlokalisering med partnarar, og er på terskelen for å opne eit nytt kapittel for insektproduksjon i Noreg.
Me ser etter investorar som vil satsa på sirkulær økonomi. Ta kontakt for å få tilsendt detaljert informasjon om våre planar.

Potensialet i industriell symbiose

Våre larvar er generalistar som raskt kan bryte ned og omdanna ei lang rekke råstoff til verdifulle næringsstoff, men dei er òg spesialistar som kan nytte ressursar andre dyr ikkje kan ete.
Ei samansett symbiose med fleire aktørar i bioøkonomien kan gi meir stabilitet og endå betre utnytting av råstoffa. Invertapro jobbar for å etablere symbiose med mellom anna biogass, algeproduksjon og vertical farming, for å få mest mogleg ut av lokale restråstoff.
For å lukkast med insektproduksjon og sirkulærøkonomi, må ein ha full klaff med biologi, teknologi og økonomi. Problemstillingane ein må løyse i er samansette. Invertapro er den eldste insektprodusenten i Noreg, og har bana veg med ei lang rekke FoU-prosjekt for å byggje opp ein produksjonsmodell frå grunnen av. Me har eit tverrfagleg team med ein stor mengde know-how og kompetanse, rigga for etablere og vidareutvikle effektive løysingar i sirkulærøkonomi.