top of page
Photo_Jon_Hunnålvatn_Tøn-05844 copy.jpg

Prøv naturens eige supergjødsel

Bløme er larvelort og restar frå skalet som larvane har vekse ut av. Det er eit unikt organisk universalgjødsel som er naturleg tørt og luktfritt.

INVERTAPRO_PRODUCT-1_medium res.jpg

Bløme styrkar plante og jord

Insekt spelar ei viktig rolle i økosystemet for å gjere næringstoff tilgjengeleg for planter. Bløme er ekstret frå insekt som fremjer vest, styrkar planta og betrar mikro-livet i jorda.

Naturleg tørt og luktfritt

Gjødselet er naturleg tørt og kan oppbevarast. Det er luktfritt, og kan enkelt brukast både inne og ute – i urter, prydplanter eller kjøkkenhage.

Tilgjengeleg som 275g boks med naturlig tørt pulver til bruk inne, og som 2kg pose med granulat til bruk ute.

INVERTAPRO_BLØME_BIGBAG_STUDIO-24_2000x2000px.jpg
Halvor Heggem Invertapro.jpg

Bra for jorda di, bra for jorda vår

Larvane våre får organisk avfall som dei gjer om til verdifulle proteinar og eit godt naturleg gjødsel. Det er ei bærekraftig, fornybar kjelde til dei stoffa plantene treng for å vekse. I tillegg fører den nytt mikroliv til jorda, i staden for å utarme den. Det er sirkulær økonomi i praksis!

Inneheld kitin – ein naturleg biostimulant

Larvane skiftar skal fleire gonger gjennom livet, og tilfører kitin til vårt gjødsel. Kitin har dokumentert effekt på å stimulere immunforsvaret til planter, fremje vekst og hindre enkelte plantesjukdommar og insektsplager.

Halvor Heggem Invertapro-9704.jpg
Halvor Heggem Invertapro 2.jpg

Godkjend for økologisk dyrking

Bløme er godkjend for økologisk dyrking, og godt eigna for kjøkenhage med vekselbruk. NPK-verdi er 3-2-3.

Frigjer næring over tid

Mykje av næringa i Bløme er organisk bunde. Det vil seie at næringa i første omgang berre er tilgjengeleg for mikrolivet i jorda, som over tid bryt den ned så den vert tilgjengeleg for plantene. Slik får plantene javnare tilgang på næring gjennom vekstsesongen, samtidig som jorda vert betre.

Photo_Jon_Hunnålvatn_Tøn-05928.jpg
årets_hagemesse_logo.PNG

Årets hageprodukt 2019

Bløme vart kåra til årets hageprodukt i 2019 på Den Store Hagemessen.

Potteplanter_med_Bløme_eksempel.jpg

Slik brukar du Bløme

Til urter og potteplanter

Asset 1_edited.png

Enten...

Bland inn 1 spiseskei Bløme per liter med jord når du plantar ut.

Eller...

Strø 1-3 teskeier over jorda, og bland inn i det øvste jordlaget.

Vatn godt etterpå. Vent til det øvste jordlaget er tørt før du vatnar igjen.

Tilråda bruk: Bruk Bløme ein gong i måneden gjennom vekstsesongen for best effekt.

Bløme 275g bilde 1_1000px.png

Til kjøkenhage

Når me haustar frå hagen, tek me næring vekk frå jorda. Bløme gir næring tilbake til mikrolivet i jorda, som over tid gjer det tilgjengeleg for plantene. Slik styrkar det både jord og plante, og er nyttig i ein kvar kjøkenhage.

Bløme er særleg nyttig dersom du har:

  • Næringsfattig jord

  • Næringskrevjande planter

  • Avgrensa tilgang på kompost og planterestar

  • Plantehelseproblem frå sopp eller insekt

BLØME_BIGBAG_2-8-2_medium res.png
Asset 3_edited.png

For hage og bed

Strø Bløme over jorda, og bland inn i det øvste jordlaget.

Asset 4_edited.png

Jordblanding til potter og pallekarmar

Bland Bløme inn i jorda før du planter.

Asset 5_edited.png

Gjødsling i sesong

Strø ei handfull Bløme på jorda ein gong i måneden for ekstra god vektst.

Bløme kan kjøpast her

I butikk

  • Felleskjøpet over heile landet

  • Enkelte Hageland-butikkar

  • Naturhistorusk museum, Oslo

På nett

For meir info eller bestilling av større kvantum

Kontakt bloeme_plantenaering@invertapro.com

INVERTAPRO_BLØME_BIGBAG_STUDIO-8 copy.png
bottom of page