
Om larvar
Ofte stilte spørsmål
Kvifor Larvar?
God smak, godt for helsa, godt for miljøet. Treng ein fleire grunnar? Invertapro vart starta for å utvikle sirkulærøkonomi. Me tek imot matvarer frå butikkar som er utgått på dato, saman med restprodukt frå matindustri. Så gjer me det om til eit trygt og næringsrikt fôr til larvane, som raskt dannar næringsrike protein og feittsyrer. Det var hovudgrunnen, men så ville det jo vore synd om ein ikkje fekk tak i gode, kortreiste insekt i Noreg.
Er insekt menneskemat?
Definitivt! Både opp gjennom historia, og i verden i dag, er det heilt vanleg å ete insekt. I vesten har me mista våre insektetande tradisjonar, men det betyr ikkje at dei ikkje har vore der. Aristoteles skreiv om det beste tidspunktet for å hauste sikadar – så dei skulle vere så smakfulle som råd. Det romerske aristokratiet fråtsa i billelarvar. I gamaltestamentet i bibelen vert alle oppmoda til å ete grashopper.
Elles i verda er insekt utbreidd som matvare i både Latin-Amerika, Afrika og Asia – med lange tradisjonar. Det er anslått at om lag to milliardar menneske har insekt på dietten. Det er over ein ¼ av verdas befolkning. Så insekt er definitivt menneskemat, slik det også er for ei heil rekke andre pattedyr og primatar.
Er det trygt å ete larvar?
Det er det. Før me lanserte vårt første produkt hadde me eit samarbeidsprosjekt med mattilsynet, for å etablerte rutinar og parameter som sørger for at maten er trygg. Insekt som mat har også blitt forska på, og i tillegg til at det er trygg mat ein finn helsefordeler, som nemnd under. Når det er sagt, kan insekt framkalle allergiske reaksjonar hjå enkelte med sjømatallergi, som også er nemnd under.
Er det sundt å ete larvar?
Å ete insekt kan påverke helsa positivt på fleire måtar. For det første er dei proppfulle av protein! Tørka larvar har 49 % protein. For det andre har det eit høgt innhald av ei rekke gunstige næringstoff, som B12, jern, sink, fiber, viktige aminosyrer, omega-3 og omega-6 og antioksidantar (https://pubmed.ncbi.nlm.nih.gov/33397123/). For det tredje inneheld det eit fiber, kitin, som er prebiotisk, og altså med å oppretthalde ein gunstig bakterieflora i tarmane. Akkurat som plantefiber vert det ikkje fullt ut fordøydd av tarmen, men bidreg like fullt til å oppretthalde god tarmhelse. (https://pubmed.ncbi.nlm.nih.gov/32793177/ , https://www.ncbi.nlm.nih.gov/pmc/articles/PMC6050247/).
Kva er greia med kitin?
Kort sagt er det eit fiber – akkurat som cellulose. Kitin finst i det ytre skalet til insekta, og er i tillegg ein nøkkelkomponent i krepsdyr, blautdyr og sopp. Sjølv om det er eit nokså vanleg stoff, har det ein del fordeler når det kjem til mat. Akkurat som plantefiber (cellulose) vert ikkje kitinet fult ut fordøydd i kroppen (https://archive.ph/gtbEI). Likevel har fiber viktige funksjonar i kroppen, og er ikkje noko ein skal unngå (https://academic.oup.com/nutritionreviews/article/67/4/188/1901012). Kitin er dessutan prebiotisk, og med å oppretthalde ein god bakterieflora i tarmane. (https://www.ncbi.nlm.nih.gov/pmc/articles/PMC6050247/)
Kitin har også ein del fordelar i gjødsel, som det står meir om lengre nede.
Kan larvar framkalle allergiske reaksjonar?
Ja. Dei som er allergiske mot skaldyr eller midd, kan få allergiske reaksjonar av å ete insekt. Dette er fordi ein ofte reagerer på kitinet, som ein også finn i insekt. Ved godkjenning av larvar som ny mat, noterte EFSA at det ikkje var nok forsking til å pålegge produsentar å merke de som eit allergen, men samtidig er det forsking som viser at å ete insekt kan gi allergiske reaksjonar. Difor merker me alle våre produkt med at nemnde allergikarar kan få reaksjonar.
Korleis veit eg om det er larvar i matvarer eg kjøper i butikken?
Me utviklar matprodukt for at dei som vil ete larvar skal få sjansen til det. Difor vil det alltid vere svært tydeleg på emballasjen når eit produkt inneheld larvar. Det er ikkje spesielt billig å produsere larvar, så det er ingen som har interesse av å prøve å snike det inn i ingredienslista. Det er heller ikkje eit tilsettingsstoff, så larvane har ikkje E-nummer. Artsnamn blir oppgitt i ingredienslista på norsk, eventuelt med det latinske namnet i parentes. Men per dags dato får ein ikkje tak i insektprodukt i butikken.
(Sett inn bilete av larvebrødet for å illustrere).
Kan ein vegetarianar ete larvar?
Det får vere opp til kvar enkelt å avgjere! Men mange vel å vere vegetarianarar på grunn av berekraft, og då er det ikkje sikkert dei har noko imot det. Kortreiste, norskproduserte larvar som et ressursar som elles hadde vorte matavfall er noko av det mest berekraftige som finst.
Lagar de først og fremst larvar til menneske?
Faktisk ikkje – men larvar som menneskemat er det som vekkjar mest nysgjerrigheit, og det er som menneskemat me vil få dei aller største klima- og miljøeffektane. Men larvar er svært attraktivt også som fôr til kjæledyr og enkelte produksjonsdyr som fjørfe, svin og laksefisk. Invertapro er i pilotfase, og jobbar med å utvikle produkt for både menneske, kjæledyr og produksjonsdyr.